Praksis hos EarthLab - Sølve Nytrøen

GeoPraksis
Nov 15, 2023
By:
This is some text inside of a div block.
This is some text inside of a div block.
Skrevet av:
Sølve Nytrøen

Mitt namn er Sølve. Eg er 21 år, og eg er no i mitt 6. semester i bachelorgraden min i geovitenskap. Mens eg har gått på UiB har eg fått auga mine opp for felt og labarbeid. Det å bruke kunnskapene man tileignar seg i studie på ein meir praktisk måte for å teste eller sjå om det ein trur er rett eller ei har vert ein auge opnar for meg. Av den grunn valde eg å jobbe på EARTHLAB UiB i mine praksisveker i emnet Geopraksis.

Før eg begynte første veka med praksisarbeid var mine forventningar forma mye av arbeidsbeskrivinga. Eg forventa noko labarbeid der vi skulle lære om fjerning av organisk materiale i sedimentprøvar før kornstorleikundersøkingar, og at når vi ble ferdige eller måtte vente på å fortsette av ein eller anna grunn så ville vi bli gitt ein arbeidsoppgåve relatert til labben.

Arbeidsveka starta med ein omvising på EARTHLAB og forskjellige rom og utstyr di har tilgjengeleg på UiB. Deretter fekk vi vår første arbeidsoppgåve, som var å lage forsøk for å prøve å finne ut av kva effekt det har å fjerne organisk materiale frå kornstorleikprøver med hydrogenperoksid (H2O2, vanlig stoff å bruke i blekemiddel) eller brenning. Vi ble henvist til fleire artikklar, nokon om liknande tema og andre om forsøk der H2O2 eller brenning ble brukt for å preparere kornstorleikprøver. Etter å ha lest ein del kom vi fram til at vi ville teste metodane i eit forsøk.

Vi fikk 3 kjerneprøver som vi kunne «leke» med. Vi tok 60 prøver frå den første vi jobbet med, og etter at vi nå fant ut at 60 prøver per kjerne ville være litt «overkill» reduserte vi antal prøver i de 2 andre til 30- og 18 prøver. I løpet av denne første veka rakk vi berre å tilsette H2O2 til ein tredjedel av prøvene. Alle dei andre prøvene blei lagt i plastposar for ivaretaking til dei to neste praksisvekene.

Vi brukte mikrosjop for å sjå på makrofossiler

Når vi ikkje jobba med forsøket ble vi satt til å plukke makrofossiler til karbondatering. Da filtrerte vi sedimentprøver med sil, putta di største bitane i ein petriskål og plukka ut makrofossilene med pinsett. Vi hadde først eit prøveforsøk med ein av di tre kjerneprøvene vi kunne «leke» med, og så fekk vi lov å hjelpe til å plukke makrofossil frå ein kjerneprøve frå Svalbard.

I løpet av denne første veka har eg lært ein del. For det første har eg lært litt om kva ein faktisk gjer på ein lab. Det liknar noko labarbeidet ein gjer på istudiane, men ein må stille spørsmål sjølv, det er ingen openberre svar eller «rette» svar, og ein må tilpasse etter kva ein har tilgjengeleg enten det er betre eller ei enn det man forventa bruke (sidan eg veit lite om labben har det til nå vert betre). Det andre eg har lært er at å ha ein solid plan hjelper, og at kunnskap om det man held på med gjer det lettare å lage ein. Derfor tenker eg å prøve å lese litt meir på di gitte artiklane for å sjå om eg kan bidra litt meir med innspel neste gong, når vi forhåpentleg vis skal bli ferdig med forsøket og begynne å si litt om effekt av H2O2 og brenning.

Min tid i praksis etter tre uker hos EarthLab

No har eg jobba i tre veker på EARTHLAB UiB. Det harvært morosamt å få være med på å lage eit forsøk, utføre det og til slutt presentere resultata våre. Mellom dette forsøket har vi vert med på hjelpe til ein på labben med sitt prosjekt og vert med på felttur. Over alt har det vert tre spanande veker.

Første dagen, tilbake i måndag uke 8, ble vi bedt om å lage eit forsøk med fokus på å finne påverknaden av prepareringsmetodar brukt for å fjerne organisk materiale frå ein sedimentprøve før kornstorleik måling. Vi brukte store delen av den dagen på å lese oss opp på prepareringsmetodene «blanding med hydrogenperoksid (H2O2)» og «gløding, brenning utan flammer ved 550°C». Etter å ha lest oss opp laga vi forsøk basert på slik dei vart utført i rapportane, så kunne vi samanlikne resultata frå di ulike metodane. Resten av denne uka ble brukt til å ta sedimentprøver, vege dem, og begynne å tilsette H2O2 til nokon av prøvene. Elles var oppgåva vår å hjelpe ein forskar vi kalla Nick å plukke mikrofossil frå kjerneprøven hans. I denne veka fekk vi vite at kvar onsdag vert det haldt ein lunch-presentasjon, der ein person held ein presentasjon om arbeidet sitt for professorar og forskarar i geologi på UiB. Vi ble spurt om vi ville presentere vårt arbeid den siste praksisveka, og svarte at det kunne vi!

Andre veka var i veke 16, då hadde vi latt forsøket vårt stå på vent i litt over syv veker. Etter vi forsikra oss om kor langt vi hadde kome i forsøket begynte vi der vi slapp. Denne veka blanda vi fleire prøver med H2O2, men med svakare konsentrasjon, og vi kunne begynne å brenne nokon av prøvene vi hadde satt av til det. Torsdagen av denne veka ble brukt på å være med på felt med elevane som har emnet GEOV102 Ekskursjoner og Øvelser i Geologi. Det var ikkje mykje vi kunne bidra med kunnskapsvis dessverre, fordi vi ikkje hadde denne feltturen når vi hadde emnet på grunn av korona. Det var ein god pause frå labbarbeidet, og vi fekk lære litt om kva hadde gått glipp av. På fredagen kunne vi endeleg begynne på å måle nokon av prøvane våre i måleapparatet Mastersizer3000 (dette er det faktiske namnet). Mastersizeren måler storleiken på partiklar som sirkulerer gjennom den ved bruk av ein raud og ein blå laser frå fire ulike vinklar.

Mastersizer.

Tredje veka begynte heldigvis rett etter den andre. Da gjorde vi oss ferdig med prepareringa av prøvene, og vi målte kornstorleiken på alle prøvene. Mastersizeren bruker mykje tid på å vaske seg sjølv rein mellom kvar måling og vi blei ikkje ferdig med alle målingane før torsdagen. Det betyr at vi ikkje var klare til å presentere på onsdagen, så i staden skulle vi presentere til ein mindre gruppe på fredagen. Mens vi skrev presentasjonen vår ble ein klasse med ungdomskule elevar vist rundt på labben, og vi fekk fortelje dei om kva ein bruker mastersizeren til. Presentasjonen gjekk betre enn eg forventa den skulle. Fordi vi fekk resultata dagen før var resultat og konklusjonsdelen litt hurtig satt saman, og vi hadde nokon manglar på den. Vi kom fram til at preparering av sedimentprøvar kan ha ulik effekt avhengig av kva type sediment det er og at meir forsking trengs for å finne ut kvifor det er slik.

I desse tre vekene med praksisarbeid har eg lært mykje meir om labbarbeid. Eg har hatt erfaring med labb tidlegare via andre emner, og dette har vert svert nyttig bakgrunnskunnskap for jobben vi har gjort. Men jobben har vert annleis frå skulesamanheng i det at vi har måtte lage forsøket meir eller mindre frå byrjinga, og vi har hatt mykje meir tid til disponering.Vi var openbart ikkje heilt på villspor, men vi hadde ikkje nokon ferdigforsøksoppskrift gitt til oss, så vi måtte samle informasjon om kva som er gjort tidlegare og bruke det vi kunne i eit eiga forsøk.

Erfarings messig har eg lært at i denne jobben kommer kunnskap og eigenskapen til å finne det godt med, både for å for å få mest ut av forsøket og for rapport og eventuell framføring som kjem etterpå. Du treng ikkje vite alt frå byrjinga sidan ein utfører forsøket for å finne ut av kva ein ikkje veit noko om, men tidlegare kunnskap i geologi går lang veg både når skal formulere teori og prøve å tolke resultat.

Praksis hos EarthLab - Sølve Nytrøen

Bilete av meg som veg porselenskoppar før eg har oppi prøvar til brenning

Andre bloggartikler

Stay in the Loop!
Join our mailing list for our newsletter.

Educational Resources

No items found.

Last ned filer

No items found.