Trenger vi to sensorar?

I forslaget til den nye Universitetets og høgskolelova har det kome forslag om at det skal vere lovpålagt med to sensorar ved alle teljande vurderingar som nyttar karakter A-F. Argumentet for dette er å sikre studentane sine rettar, samt å gje dei kvalitetssikra vurderingar. Men, det er eit stort men – dersom ein nyttar til dømes formative vurderingsformer og har eit undervisningsopplegg der ein har vurderingspunkt undervegs i semesteret vil dette bli svært krevjande. Dette har engasjert mange då forslaget vil vere ein klamp om foten i innføringa av student aktive læringsformer. Både Christian Jørgensen, Sehoya Cotner og Vigdis Vanvik har skrevet lesarinnlegg om dette som er verdt å lese for å setje seg inn i saka. Vi som SFU vil særleg vere skadelidande av dette nye lovforslaget.

Alle som har søkt om iEarth prosjektmidlar har no fått svar og vi gler oss over mange spennande prosjekt som skal startast opp. Minner om at det er mogleg å søke om oppfølgingsmidlar dersom ein ser at prosjekta dreg ut i tid eller vert meir omfattande enn fyrst tenkt.

For dei som fylgjer med i arbeidsmarkanden har kanskje sett at vi har hatt ute ein annonse der vi søker etter ny nettverkskoordinator for iEarth. Dette fordi Anne skal flytte til Stavanger med familien sin, noko vi er svært leie oss for! Anne har gjort ein fantastisk innsats for iEarth og har klart å samle trådane på eit utmerka vis gjennom mange år. Vi kjem nok til å merke det veldig når ho sluttar – tusen takk for innsatsen frå alle oss! Vi har no sett ned ein komité for å vurdere dei i innkomne søknadane og vonleg finn vi ein verdig erstattar for Anne.

Mai og juni er travle månader for alle i universitetssektoren med eksamen- og sensorarbeid og difor ikkje den beste tida for å halde oppe aktiviteten i utviklingsarbeidet. Vonar likevel at du finn tid til å følgje semesterets siste digital learning forum torsdag 3 juni der fleire av våre kollegaer vil dele sine erfaringar me då bruke Jupyter Noetbooks i undervisinga. Erfaringar med bruk av nye verktøy er svært vikt g at ein deler slik at vi alle kan ta dei rette stega fromver i ei tid med stadig nye hjelpemiddel. Minner i same sleng om at vi har eit mål om å byggje opp eit virtuelt kompetansesenter på iEarth sine nettsider og oppmodar alle om å meld inn aktuelle resursar som kan vere verdt å del.

Til slutt vil eg gjerne ynskje alle ein god sommar når den tid kjem og så vil eg igjen takke Anne for alt det fantastiske arbeidet ho har lagt ned for iEarth!