Ord frå senterleiaren – mars 2021

Det nærmar seg påske og ein velfortent ferie for oss alle. I iEarth har vi hatt eit travelt semester så langt med ei heil rekke med arrangementet, skriving vår fyrste årsrapport og diverse søknader.

Den fyrste mars var fristen for å sende inn årsrapport for det fyrste halvåret med iEarth som SFU. Denne kan du no lese på våre nettsider. I årsrapporten gjer vi opp status og ser framover på det som er i vente. Når ein summerer opp så har det skjedd mykje spennande på tross av korona, til dømes etableringa iEDLF, etablering av iEarth studentorganisasjonar, nytt nasjonalt geofarekurs, gjennomføring av den fyrste internprosjekt utlysinga, etablering av pedagogisk forkar gruppe som inkludert tilsetjing av fem 20% stillingar i utdanningsforsking og fem PhD stillingar og oppstart av praksiskurs i Tromsø. I slutten av rapporten ser vi framover på kva vi vonar skal skje vidare i 2021 innan dei ulike utviklingsområda. Ikkje minst har vi von om at arbeidet med SOTL aktivitetar og  innføring av studentaktive læringsformer vil skyte fart når vi endeleg kan møtast fysisk igjen. Programkomiteen er allereie i gang med å planlegge haustens Geolearningforum 21-22 oktober i Oslo. Her skal vi få ein rapport frå intern prosjekta som fekk pengar i 2020. I samband med samlinga i Oslo skal vi og gjennomføre eit institusjonsbesøk med DIKU der vi skal diskutere status for iEarth, korleis samarbeidet fungerer, korleis vi klarer å integrere aktivitetane våre på dei ulike institutta,  og korleis vi jobbar for å få i gang ei kulturendring der SoTL prosjekt og undervisingsportefolio er ein naturleg del av undervisingspraksisen.

Den 15 marsk gjekk søknadsfristen ut for andre runde med finansiering av interne prosjekter under iEarth. Vi fekk totalt inn 27 søknader godt fordelt mellom dei ulike institusjonane. Totalt vart det søkt om midlar for omlag dobbelt så myke som vi har pengar til og det er svært positivt at så mange har lyst å gå i gang me undervisingsrelaterte prosjekt. Evalueringa er allereie i gang vi vonar å bli ferdig med evalueringa i løpet av april månad. Sidan vi ikkje kan finansiere alle prosjekta vil vi hjelpe til må å finne alternative finansieringsvegar. Mellom dei om søkte prosjekta er det ei rekkje spennande prosjekt med eit stort spenn i aktivitetar frå reien SoTL prosjekt til utforskinga av nye innovative undervisingsformer.

I førre veke fekk vi den gledelege meldinga at vi får fem millionar ekstra gjennom akademia avtalen ved UiB til å utvikle arbeidsrelevants kurset og gje studentane ei tidleg erfaring med forsking. Dette inneber mellom anna at vi kan gje ein del PhD studentar eit ekstra år der dei vert mentor for lågare grads studentar både i arbeidslivsprogrammet og i arbeidet med å gje bachelor studentane ei tidlege erfaring med forsking.

Med dette ynskjer vi i iEarth alle ein fin påske med von om sol og kvite vidder!