Hundre prosent virtuell oppstart

Då er det fyrste halvåret med iEarth som SFU snart over og det nærmar seg juleferie, noko vi alle treng etter eit svært travelt semester. Desse pausane vi får innimellom er nok viktigare enn det ein kanskje skulle tru, sjølv ser eg fram til rolege dagar og skikøyring i bratte fjell i Hardanger. Det har vore eit uverkeleg halvår der alle har måtte tilpassa seg stadige endringar i handlingsrommet vårt. Sjølv om det har vore kaotisk, og vi no kan sjå litt bakover i tid, så er eg imponert over kva iEarth har oppnådd og kor mykje de alle har stått på for å komme i gang med SFUen. Viktige milepålar dette året har vore å få på plass ein studentorganisasjon, få på plass ei forskargruppe med professor 2 kompetanse, lyse ut PhD stillingar, arrangere jamlege digitale læringsforum og ikkje minst halde vårt årlege Geolearning forum. Dette i tillegg det vi meiner å ane er ein kulturendring i staben i forhold til undervisning og korleis vi opnar oss og deler erfaringar og idear.

Særleg det å få engasjert studentane våre i iEarth er viktig. Vi har som målsetnad at ikkje ein einaste avgjerd i iEarth skal skje utan at studentane er involvert i prosessen. Det er difor svært gledeleg at vi no har både ein nasjonal studentorganisasjon (leia av Serianna Kvarøy) og lokale studentorganisasjonar på partner institusjonane. Tusen takk til alle for dykkar store engasjement!

Ein annan viktig milepåle var å gjennomføre den fyrste runden med iEarth finansierte prosjekter. Det var ein spennande prosess og lese og evaluere desse prosjekta som på ulike måtar vil bidra til at vi får til ein kulturendring i forhold til undervisingspraksis og ikkje minst at vi får tettare involvering av studentar i utvikla av undervisingsmiljøet vårt.

Eit anna mål for semesteret har vore å få utlyst fem stipendiatstillingar som skal bidra med forskingsprosjektet inn mot iEarth og gjennomføre forsking på dei endringane vi ynskjer å gjere på dei ulike institusjonane. Dei fleste komiteane er no godt i gang med sitt arbeid og me får vonleg tilsett alle fem i løpet av vinteren.

I oktober hadde vi vårt årleg Geolearning Forum som eigentleg skulle gå i Tromsø med digitale keynote føredrag og lokale workshops. Temaet for møtet var studentaktiv læring og næringslivssamarbeid. Evalueringa etter møtet synte at konseptet fall i smak og at vi må vidareutvikle denne arenaen som ein nasjonal møteplass for geofaget. No får vi gle oss til neste års Geolearning forum som eit fysisk arrangement det vi igjen får sjansen til å møte kollegaer frå heile landet.

Vi har hatt mange spennande «iEarth digital learing forum» gjennom semesteret, Mellom 40 og 50 personar har delteke kvar gong og det har vore gode diskusjonar etter kvart innlegg. Dette er eit arrangement vi vidarefører i 2021 og dersom du har noko spennande på gang med eigen undervising tek vi gjerne imot forslag til tema, vi startar opp igjen den 14. januar.

På tampen av året er det alltid knytt stor spenning til tildeling av midlar frå ulike finansieringskjelder. Denne veka fekk vi den gledeleg melding at vi fekk tildeling på prosjektet «Geopraksis» leia av Iver Martens ved UiT. Dette er eit prosjekt som involverer mange i iEarth og ikkje minst mange av våre industripartnarar. Gratulerer til Iver og takk for fantastisk innsats! Dette syner at iEarth kan vere navet som kan drive fram prosjekter kring senteret noko som vi ynskjer meir av i 2021.

No ser eg fram mot neste år og alt det spennande som skal skje i iEarth! Mellom anna ser eg fram til å få i gang større prosessar som til dømes curriculum kartlegging inn mot dei fem tema vi arbeider mot – klima, miljø, energi, ressursar og geofarer. Dette blir nok ein krevjande men vonleg svært givande prosess som eg vonar alle vil engasjere seg i. Vidare ser eg fram til evalueringa etter fyrste runden med nasjonalt geofarekurs, noko som eg vonar vil inspirere andre til å starte liknande nasjonale kurs. Her vonar eg at erfaringane kan delast gjennom iEarth! Med dette vil eg takk alle for å ha gjort dette til eit særs godt år for iEarth. God jul og Godt nyttår!