Oppdatering frå iEarth – mai/juni

 

 

Så var endeleg 1 juni passert og iEarth er offisielt eit «Senter for fremragende undervising» (SFU)! Dessverre ligg ikkje tilhøva til rette for ei storstilt feiring så den får vi spare til hausten.

 

Vi  har den siste månaden jobba hardt for å få på plass folk i alle stillingane i senteret og vi nærmar oss skritt for skitt. Dei fleste av dei seks professor 2 stillingane og kven som skal vere «eduction chair`s» eller læringsutviklar på norsk, er på plass. Til stillingane som læringsutviklar har vi frikjøpsmidlar til frå DIKU og i mandatet for desse stillingane heiter det at dei skal vere ressurspersonar som skal støtte gjennomføringa av iEarth sine visjonar på kvar enkelt institusjon. Det vil sei at dei delprosjekta vi gjennomfører for dei ulike utviklingsområda i konsortiet også skal kommuniserast og implementerast på kvar enkelt institusjon. Læringsutviklaren vil også ha ein nøkkelrolle i å bidra til kulturbygginga kring undervising i iEarth og dei skal også ta del i kompetanseutviklinga gjennom samhandling med einannan og med DIKU. Vidare skal læringsutviklaren ha eit særleg fokus på å sikre god kommunikasjon internt i iEarth konsortiet. Det betyr mellom anna at dei er med på våre vekemøter på Zoom der vi diskuter stort og smått for å få i gang planane vår i iEarth. No lurar du sikkert på kven desse personane er og her er lista; Bjarte Hannisdal (GEO, UiB), Kjersti Daae (GFI, UiB), Anders Mattias Lundmark (UiO),  Karianne Staalesen Lilleøren (UiO), Anders Schomacker (UiT), Lena Håkansson (AG, UNIS), Maria Jensen (AG, UNIS) og Marius Jonassen (AGF, UNIS).

 

Foto: Fredrik August Wyller, UiB

PhD og Postdoktor prosjekter

Vi nærmar oss også å ferdigstille arbeidet med kva PhD og Postdoktor prosjekter vi vil setje i gang under iEarth paraplyen slik at vi kan lyse desse ut i løpet av sommaren med søknadsfrist i august/september. For dei av dykk som tidlegare i vinter foreslo prosjekt, så kan de vente tilbakemelding i nær framtid. I løpet av dei nest to vekene reknar vi med at dette vil komme på plass og vi kan byrje å bygge rettleiar team for kvart enkelt prosjekt.

 

Fysisk avtrykk

Det meste av det vi driv med i iEarth har ikkje nok fysisk avtrykk bortsett frå at vi har finansiering til å lage eit iEarth møterom på kvar institusjon. Dette er vi no i gang med og vi skal etablere eit møterom spesielt for iEarth aktivitetar på kvar institusjon med vel fungerande videoutstyr. Her er målet av vi skal få til samhandling i konsortiet for både studentar og for staben.

 

Geolearning forum

Eit viktig arrangement for iEarth er det årlege «Geolearning forum». I år skal dette haldast i Tromsø, på Sommarøy den 13 og 14 oktober. Hald av datoane allereie no om du ynskjer å delta. Anders Schomacker og Iver Martens ved UiT utgjer programkomiteen og dersom du har forslag til innhald eller tema er det berre å sende dei ein e-post. Samlinga er rett før GEO-faredagen som i år skal arrangerast i Tromsø, så dersom du har tenkt deg dit kan du slå to fluger i ein smekk.

 

iEarth Digital Learning Forum

Vi har hatt mange spennande «iEarth digital learing forum» samlingar siste månaden. Mellom 40 og 50 personar har delteke kvar gong og det har vore gode diskusjonar etter kvart innlegg. Denne veka fekk vi ein gjennomgang av «blended learing» strategiar av Robert Gray ved Institutt for pedagogikk, UiB. «Blended learning» er svært aktuelt for haustsemesteret der vi mest truleg må tilby studentane ei blanding av ulike undervisningsformer, noko på campus og noko digitalt. Overgangen til meir student aktive læringsformer, som er noko av det vi ynskjer å få til i Earth, ser ut til å ha fått seg ein pangstart med korona pandemien. No er det berre å gå i gang med å byggje morgondagens undervisning. Det tek tid å legge til rette for «flipped classrom»! Dersom du ikkje fekk med deg innlegget til Rob så ligg det opptak av det på iEarth nettsida her. Siste «digital learing forum» dette semesteret vert i veke 25 der Kim Senger som vil presentere Svalbox.no, en digital ressurs som presenterer Svalbard sin geologi. Meir informasjon kommer under Hendelser på nettsiden.

 

Vonar de tek turen og sjekkar gjennom nyhenda denne månaden og held dykk oppdatert på iEarth aktivitetar. Har du innspel eller forslag til aktivitetar i iEarth så ta kontakt.

 

Jostein og Åse