Ord fra senterleder

 

Jostein Bakke, senterleder for iEarth

Snart går iEarth inn i neste fase med offisiell start av SFUen den .1 juni. I dag har vi sendt inn alle papira til DIKU inkludert senterplan for dei neste fem åra og signert konsortieavtaler for alle dei fire institusjonane. No startar også frikjøpet av stillingar i iEarth over DIKU midlar og vi skal setje ut i livet alle planane våre. Hovudfokus i starten vil vere å få i gang det akademisk akademiet og fyrst å fremst å få tilsett dei som skal vere professor 2 i iEarth. Vi skal fylle seks stillingar og fire av namna er allereie klare. Desse er Lene Møller Madsen (UiO),  Jan Alexis Nielsen (GEO-UiB), Anders Ahlberg (UNIS eller UiT) og Mirjam Glessmer (GFI-UiB). Desse vert tilsett så snart som mogeleg og startar på jobben med å utforme dei fem Phd prosjekta basert på idear samla inn i konsortiet. I juni skal vi ha eit virtuelt møte for å diskutere desse tinga meir i detalj.

Vi har dei siste vekene hatt fleire spennande tema i vårt digitale læringsforum og det er tydleg at det har skjedd mykje i det siste i forhold til å bruke digitale hjelpemiddel i undersvisinga. Mange av desse erfaringane vil kvar og ein heilt sikkert ta med seg inn i undervisinga også etter at korona situasjonen er over. I planlegginga av eit haustsemester der det meste framleis er uklart er det rom for å prøve ut endå meir student aktive læringsmetodar. Det er på tide å lære seg innhaldet i ord som «team based learning» og «blended learning». Det finnest mykje god litteratur der ute frå folk som har arbeidd med  digitale løysingar i undervising før oss. Ei oppmoding er å ta ein kikk på denne litteraturen for å få tips og idear for god gjennomføring.

 

Lukke til med semesterinnspurten!

 

Jostein Bakke